Kvinnenettverket i Bjørnafjorden Arbeidarparti

Arbeidarpartiet sitt kvinnenettverk er eit ope nettverk for alle kvinnelege medlemmar i Arbeidarpartiet.

k

Kontaktinformasjon

E-post: [email protected]

Mobil: 951 46 462

Ta kontakt for ein hyggeleg prat. 

Arbeidarpartiet sitt kvinnenettverk er eit ope nettverk for alle kvinnelege medlemmar i Arbeidarpartiet.

Kvinnenettverket rekrutterer, skulerer og motiverer kvinner i partiet til politisk arbeid, og særleg leiarposisjonar, og er òg ein pådrivar for å setje kvinnepolitiske saker på dagsorden.

Som nettverk vert det jobba i dei etablerte strukturane. Nettverking for å få fleire kvinner i leiarposisjonar i heile partiet er viktig og sentralt i arbeidet.

Kvinnenettverket er eit verkty for partiet for å nå sine mål på likestilling, og i Arbeidarpartiet er likestilling eit leiaransvar! Vi vil vere Noregs mest likestilte parti.

I Arbeidarpartiet skal alle verv, utval og oppnemningar i partiet ha 50 prosent representasjon av begge kjønn. Dette skal òg gjelde ved offentlege lister og nominasjonar. Kvoteringa med 50 prosent av kvart kjønn vert gjennomført av, og blant, dei som vert valde, også på dei plassane som blir rekna som sikre. Ved fylkestings- og kommunestyreval skal begge kjønn vere representerte på dei to første plassane på lista.

Kvinnenettverket i Arbeidarpartiet

Hun bør stille

Hun bør stille drivast på frivillig basis av unge jenter i Arbeidarpartiet. Dei jobbar for å få fleire kvinner til å stille til val, løfter fram gode sosialdemokratiske kvinner og set likestilling på dagsorden.

Facebook - Hun bør stille

Instagram - Hun bør stille

r