Tru, lovnader og Hatvikvegen!
Det blei ein debatt om kven som trudde kva og hadde lova kva då områderegulering av Moldegård, Bjånes blei vedteken tysdag.
Av: Andris Hamre Onsdag, september 30, 2015 - 10:53
– Vi har diskutert mykje fram og tilbake omkring rekkjefølgjekrava. Då vi satte dei var vi ganske sikre på at det ganske lett skulle la seg regulera og at kostanden ville bli rundt 30 millionar. Men reguleringsplanen viste at det ville kosta 110 millionar fram til Klyva. Det er vanskeleg å gjennomføra med eit så raskt perspektiv som er på Bjånesutbygginga. Difor syntes vi det var greitt å dispensera. Vi trur Midtbøvegen blir ei god løysing, innleia Ståle Skaatun (H).
G/S skulle på plass før utbygginga
Skaatun si innleiing fekk Harald Døsen (Ap) til å reagera.
– Det er ikkje godt nok å tru at kostanden ville bli 30 millionar. Med leiar i samferdselsutvalet på fylket burde Frp/H visst betre.
– Ap var med på å godkjenna kommunedelplanen i si tid, men det var under forutsetning av at gang og sykkelveg langs Hatvikvegen blei bygd før utbygginga tok til og at det blei etablert tofelts rundkøyring på Osøyro slik posisjonen òg lovde.
– Vi lovde bebuarane langs Hatvikvegen dette og vi lovde bebuarane i Midtbøvegen at dei ikkje skulle bli råka. Det har vi stått på. Etterpå har Frp/H gitt dispensasjon. Det kan ikkje Ap vera med på. Difor stemte vi i mot. Os inspirerar seier at vi gjer som vi seier. Vi skal ikkje vera dei som lovar og lyg, poengterte Døsen.
Tordentalen frå Døsen fekk Eirik André Hesthamar (Frp) til å be om ein replikk.
– Då reknar eg med at Ap allereie har snakka med Atle Kvåle frå Fusa som no får ei sentral rolle i fylkespolitikken.
Burde ha klart det på 16 år
Terje Sperrevik (TvS) følgde opp Døsen.
– Det har ikkje hjelpt mykje at Frp har hatt leiaren i samferdselsutvalet i 16 år. Vi kan jo håpa at andre kanskje tek tak på ein betre måte.
– Så lenge eg har vore i politikken har dette område lagt kvitt. Då burde ein ha klart å få på plass vegen for lenge sidan.
– Mi uro er knytt til trafikkmengda og trafikktryggleiken. Det sittande regimet har vore alt for slepphente med å dispensera. Sjå berre strekninga frå Irgenskrysset til Lidl-lageret, kor ein dispenserte frå kravet om gang- og sykkelveg og kor det framleis ikkje har kome noko løysing.
– Eg fremjar difor eit alternativ forslag til vedtak kor vi ikkje godkjenner områdereguleringa. Grunngjevinga er at rekkjefølgjekrava skal leggast til grunn. Gang- og sykkelveg langs Hatvikvegen skal opparbeidast før utbygginga på Bjånes, forklarte Sperrevik.
Har lagt ned mykje arbeid
Påstanden om at ikkje ein hadde klart å få midlar til fylkesvegar i kommunen fekk Gustav Bahus (Frp), som har vore leiar i samferdselsutvalet i fylket, til å reagera.
– No har ikkje eg satt opp noko reknestykke på kor mykje vi har fått til Os, men det blir for drøyt å seie at vi ikkje har fått til noko. Det ligg mykje arbeid bak, både E39 som vi tok det første spadetaket på i dag, og dei fylkesvegane vi har fått, kommenterte Bahus.
– Kan vi ikkje berre la det gå i dass?
Då Plan- og bygningsutvalet handsama saka i byrjinga av september fekk dei frå utbyggjar høyre at om ein ikkje fekk dispensasjonen frå rekkefølgjekrava, så ville heile prosjektet gå i dass.
– Kan vi ikkje berre la det gå i dass då. Lyseparken er rett rundt hjørnet. Senterpartiet meiner vi heller bør konsentrera utbygginga rundt E39-aksen. Difor seier vi nei, forklarte Ingrid Netland (Sp), som poengterte at det viktigaste av alt er å legga tilrette for at ungane kjem trygt til og frå skulen slik også posisjonen lovde i 2011.
Ho fekk langt på veg støtte frå Jostein Bondevik (Krf) som peika på at kommunestyret for mindre enn ein time sidan hadde vedtatt Samfunnsplanen for Os kommune.
– Der skriv vi så fint om trygge sykkelvegar og god trafikksikring. Vi har fått så mange raude lys på vegen at vi må stoppa opp. Det er ikkje akutt mangel på bustader i Os i dag. At utbyggjaren ikkje får det som han vil gjer ikkje noko. Eg trur i staden at det kan vera med på å få utbyggjaren til å pressa på også mot fylkeskommunen.
Uforholdsmessig kostnad
Terje Søviknes (Frp) poengterte at han hadde tru på den strategien ein no har vald med ei utbyggingsavtale med utbyggjaren kor dei går inn med 35 millionar i tilskot og forskuttering til vegprosjektet på Hatvikvegen.
– Det er ingen tvil om at både Frp og H vil ha på plass ein gang- og sykkelveg langs heile Hatvikvegen frå Haugekrysset og inn til Hatvik ferjekai. Men eg tykkjer det blir litt spesielt at ein latterleggjer at ein ikkje kunne sjå den gangen rekkjefølgjekrava blei satt at det ville kosta 380 millionar heilt inn til Hatvik og 110 millionar på den første strekninga.
– Hadde vi visst det, så hadde vi fått ein heilt anna diskusjon omkring rekkjefølgjekrava den gongen.
– Ja, vi skulle gjerne sett at alt dette var på plass før anleggsarbeida starta er inne, men kostnaden gjer at det blir uforholdsmessigheit mellom rekkjefølgjekrava og det ein kan krevja av utbyggjer. Vi hugser godt svaret vi fekk frå fylkesmannen då vi stilte krav til Borgafjell barnehage om opparbeiding av gang- og sykkelveg langs Hegglandsdalsvegen til Valle bru. Det var urimeleg meinte fylkesmannen og gjorde om vedtaket vårt.
Strategi og brekkstang
– Difor må vi heller realitetsorientere oss og stille spørsmål om korleis vi raskast kan komma til målet. Eg er 110% sikker på at det er ei større brekkstang mot fylkeskommunen å ha utbyggjar med på laget med 35 millionar, enn å stå knallhard på rekkjefølgjekrava.
– Eg er sikker på at denne løysinga kor fylkeskommunen kan få strekninga med berre å betala 2/3 av kostnaden er den løysinga som vil få fortgang i utbygginga av vegen. Politikk dreier seg trass alt om det mogleges kunst og då kjem vi raskast til målet med det som no er skissert, meinte Søviknes.
– Vi skal heller ikkje gløyme at utbygginga er viktig også i eit næringsperspektiv kor ein vil sysselsetta mange i byggjebransjen. Det er eit perspektiv som eg tykkjer har havna på sidelinja.
Må ha spisse alboger
Søviknes sitt innlegg fekk Tore Rykkel (V) til å undra seg over strategien.
– Det retoriske spørsmålet blir om vi skal la fylkeskommunen finne pengane. I forhold til pengane så visste vi at det kom til å bli dyrt og at det ville få følgjer. Det advarte vi mot allereie den gangen. I forhold til barnehagen så er det litt forskjell på trafikken til barnehagen og ut til Bjånes. Det er òg ein skilnad på midla som er i spel hos barnehagen og hos utbyggjarane på Bjånes, påpeikte Rykkel.
– Etter å ha operert i fylkestinget i så mange år så er det ikkje slik at dei som er snillast i klassen er dei som får. Nei, det handlar om å ha spissa alboger og å komma med løysingar som fylkespolitikarane kan gå med på. Det er ikkje uten grunn at mange kommunar og utbyggjarar kjem til fylkeskommunen med midler som delfinansiering eller forskuttering for å få realisert prosjekt. Då ser fylkespolitikarane at dei kan få til meir med dei midlane dei har. Det er alles kamp mot alle, svara Søviknes.
Sunt å fråvike krava
Espen Aspenes (Frp) heiste fana for at ein kanskje skal fråvika rekkjefølgjekrava av og til.
– Eg trur det er sunt og bra å gjera det der det er fornuftig. Vi hadde ikkje fått den næringsutviklinga med tre bedrifter som sysselset nokon og seksti og som leverar resultat med ein resultatgrad på over 10% i Ådnadalen om vi ikkje hadde gitt dispensasjon der i si tid.
– I nokre samanhenger trur eg det er fornuftig å fråvike, utan at ein av den grunn skal gi opp å koma til det endelege målet.
– Det er jo ganske sensasjonelt at det ligg som ein betingelse til rekkjefølgjekrav at er det gode næringsprosjekt så kan ein fråvike. Eg håper ikkje det er grunnen til at det ikkje har skjedd noko meir på vegen mellom Irgenskrysset og avkøyringa til Lidl-lageret, kommenterte Tore Rykkel (V).
– Dette var eit eksempel eg meiner vi alle skal vera glade for. Vi skal vera stolte av at vi av og til fråviker rekkjefølgjekrava når ein ser slike resultat, svara Aspenes.
Områdereguleringa for Moldegard, Bjånes blei vedteken med 19 (Frp/H) mot 16 (Ap, TvS, V, Krf, Sp) røyster. Det same gjalt dei påfølgande sakene detaljregulering for Grovskaråsen, detaljregulering for Moldegard - delfelt B7 og T1 og utbyggingsavtalen med Bjånes Fjordboligar.