Tone Hepsøe vart torsdag kveld valt til ny leiar i Os Arbeiderparti etter Helge Steinum.

– Det er veldig kjekt å få den tilliten at eg vert vald til ny leiar, særleg sidan eg er så fersk i politikken.

original_1478639830_496433

Av: Cathrin Valestrand Lørdag, januar 30, 2016 - 09:35

Hepsøe er forholdsvis ny i politikken.

– Eg var på mitt første partimøte i oktober 2014. Då fekk eg også spørsmål om å stå på kommunevalslista, noko eg takka ja til. Der ville dei ha meg som varaordførarkandidat.

Tette band

God kommunikasjon mellom dei folkevalde og styret er viktig for Hepsøe.

– Eg hadde god og nær kontakt med lokalstyret i Ap i valkampen, og etter valet også. No tykte Helge Steinum at han hadde nok med å vera gruppeleiar i kommunestyregruppa, og eg vart spurt om eg kunne tenkja meg å vera leiar. Og det tykkjer eg er kjekt. Det er viktig med god kontakt mellom kommunestyregruppa og styret.

Stor tillit

– Det er veldig kjekt å få den tilliten at eg vert vald til ny leiar, særleg sidan eg er så fersk i politikken. Men dei andre som stod på val på årsmøtet har teke attval, så eg har mange erfarne folk med stor kompetanse med meg, noko eg set stor pris på, seier ho.

– Eg er også vald til å vera med å bidra inn mot programkomiteen i Hordaland Arbeiderparti, og det tykkjer eg er veldig kjekt.