Regjeringa sviktar unge i arbeidslivet

Av Vegar Klyve

Vegar Klyve - Bjørnafjorden AUF

Vegar Klyve - Skule og arbeidsansvarleg i AUF i Vestland og leiar i Bjørnafjorden AUF

Av Vegar Klyve, 16år. Skule og arbeidsansvarleg i AUF i Vestland og leiar i Bjørnafjorden AUF. (lesarbrev- Os&Fusaposten 07.08.2019)

Regjeringa sviktar unge i arbeidslivet

LOs sommarpatrulje avdekkjer nok ein gong alvorlege brot på arbeidsmiljølova i den norske arbeidsmarknaden. Mest utsatt er unge arbeidstakarar. Derfor bør tema som fagorganisering og arbeidsmiljøloven styrkes i læreplanane. Dessverre skjer det motsatte med FrP- og Høgreregjeringa me har i dag. Resultatet er at elevar kan gå gjennom grunnskulen utan å ha lært dei mest grunnleggande tinga om det norske trepartssamarbeidet. 

I år retta LOs sommarpatrulje særleg fokus på bemannings- og serveringsbransjen, og fann brot hos 4 av 10 bedrifter. Der er den vanlegaste utfordringa at unge manglar, eller har for dårleg, arbeidskontrakt. Ansvaret for dette ligg sjølvsagt hos arbeidsgjevar, men om unge ikkje veit at ein skal ha kontrakt med viktig informasjon om ansettelsesforholdet, kjem dei sjølvsagt ikkje til å kreve dette av sjefen.

Det er derfor det er sjokkerande at når regjeringa kjem med forslag til nye læreplanar, er ikkje arbeidsliv med i det heile. Dette er til tross for at både LO og NHO har komme med kraftige protestar. Dei meiner at dette vil svekke unge arbeidstakarar si evne til å gjenkjenne regelbrot. 

AUF ynskjer å styrke kunnskapen elevane i grunnskule og VGS får om arbeidsliv og rettane ein har som arbeidstakar. På den måten kan kvar elev i arbeidslivet stå opp for sine rettar og vere ein del av løysinga på arbeidslivskriminalitet. Å gje elevane dei verktøya dei treng for å kunne stå opp for seg sjølv i arbeidslivet, er kanskje den mest effektive måten å hindre arbeidslivskriminalitet på.

Eit anna svært effektivt verkemiddel for å sikre eit trygt arbeidsliv for alle, er å styre fagforeningane. Likevel svekker FrP og Høgre fagforeningsfrådraget og elevane ser ut til å få endå mindre informasjon om kva det inneber å organisere seg. Resultata av svekkinga av frådraget ser me allereie. Fagforeningsandelen i det norske arbeidslivet synker og gjer det lettare for bedrifter å utnytte unge i arbeidslivet. 

Vår felles framtid i Vestland skal vere ei framtid med eit trygt og inkluderande arbeidsliv for alle.

Vegar Klyve

Skule og arbeidsansvarleg i AUF i Vestland og leiar i Bjørnafjorden AUF