Møt vår ordførarkandidat Trine Lindborg

Trine Lindborg på trappen

Trine Lindborg - Ordførarkandidat

Kvifor skal du stemma på Trine Lindborg og Bjørnafjorden Arbeidarparti?

Når eg blir ordførar i Bjørnafjorden, lovar eg å være ordførar for absolutt alle!

Vi blir ein ny stor flott kommune som saman skal byggja ny identitet og kultur. Den må være tufta på alle dei gode og viktige verdiane kvar og ein har med seg frå sine bygder og grender.

Med entusiasme, respekt og klokskap skal vi saman byggja ein trygg plass å leva gode liv. Mangfald og utvikling, saman med tradisjonar og tryggleik, skapar gode bygder og møteplassar.

Mi dør skal være open, og eg vil være ute der folk er. Lytta, snakka med store og små og ikkje minst lære bygdene, grendene, næringsliv og all frivilligheten å kjenna. Den beste utviklinga skjer i møtet mellom menneske, ikkje i lukka fora for dei få.

Ein god kommune er ein open kommune. Eg trur på samarbeid, praktisk og løysingsorientert politikk.

Dei fleste lokalpolitikarar gjev mykje av fritida si for å skapa eit betre samfunn. Eg er stolt av det mannskapet eg har fått med meg på lista vår.

Dei er viktige lyttepostar og bodbringarar. Bruk oss!

Godt val, gode Bjørnafjordingar!