Mi draumesak: No er Os og Fusa vorte eitt!
Av Trine Lindborg m/flere
Av Trine Lindborg m/flere. (mi draumesak- Os&Fusaposten 01.09.2019)
Mi draumesak: No er Os og Fusa vorte eitt!
Os & Fusaposten har bede ordførarkandidatane frå samtlege politiske parti i Bjørnafjorden kommune om å skriva ei sak med tittelen: «Mi draumesak». Kva ville du helst ha sett på trykk i di eiga lokalavis, om du fekk velja heilt sjølv. Politikarane vart oppmoda om å skriva med litt «glimt i auge», samstundes som saka helst bør ha litt rot i røynda. Sakene vert presenterte fortløpande fram mot valet 9. september.
Det er ein gledens dag der Bjørnafjordingane endeleg får utnytta dei nye bustad- og næringsareala som vart godkjente etter at vedtaket om indre trasé blei kjent.
Her opnar ordførar Trine Lindborg (Ap) nye Hordfast over indre trasé. Etter ein lang prosess der det såg ut til at midtre trasé med bru over Bjørnafjorden skulle realiserast, kunne endeleg ordføraren i Bjørnafjorden kommune klippa snora til Fusabrua.
Brua har sjølvsagt gang- og sykkelveg, og alle håpar at vi vil sjå mange joggande og syklande over brua i tida framover.
Ved sida av Lindborg står kjøkensjefen på Lurane, som har mottatt fleire prisar for sitt arbeid og engasjement for matglede. Luranetunet sitt kjøken har vore suverent best i kåringa av Noregs beste institusjonsmat fleire år på rad, og er viden kjendt for si nytenking og bruk av lokale råvarer. Kjøkenet har også blitt ein ettertrakta cateringleverandør i kommunen, og no skal det serverast tradisjonsmat frå begge sider av fjorden til alle som har møtt opp til bruopninga.
Brufest i Fjellheim
Det er ein gledens dag der Bjørnafjordingane endeleg får utnytta dei nye bustad- og næringsareala som vart godkjente etter at vedtaket om indre trasé blei kjent. Det blir feira i mange grender både i Fusa og på Os i kveld. Det er optimisme i heile regionen og folk er begynt å kjenna på at dei faktisk er Bjørnafjordingar, sjølv om dei nok alltid vil seia at dei kjem frå Standvikjo, Fjord`n, Ballese, Boga, Øyane, Dalen, Julabygdo, Søfteland osv.
Kveldens fest vert halden i ærverdige Fjellheim. Her vert det mimring med nye og gamle artistar på folkeleg vis.
– Det var mange som ei stund trudde at løpet var køyrt både for denne traséen og for kulturhuset Fjellheim, men det er heldigvis aldri for seint å snu når ein etter kvart oppdagar at det finst ein betre veg, seier Trine Lindborg til lokalavisa.
Frå draum til verkelegheit på under to minutt (tida det tok å lesa denne artikkelen...).