Medlemskontingent 2026
Innkrevjing av medlemskontingenten for 2026
Vi startar køyring av medlemskontingenten 17. februar.
Forfallsdatoen blir sett til 8. mars.
Oversikta over alle som har avtalegiro, blir sendt til banken med trekk 1. mars. Desse vil samstundes motta ein e-post utan lenkje til MittAP eller anna betalingsløysing.
Dei av medlemmene våre som ikkje har avtalegiro, men som har registrert mobilnummer i medlemssystemet, får ein SMS med moglegheit for å betale kontingenten med eFaktura (til dømes Vipps) eller ordinært trekk i bank.
Vidare vil dei som ikkje har avtalegiro eller registrert mobilnummer, få ein e-post med lenkje til betalingsside i bank.
Medlemmer som ønskjer god gammaldags brevgiro, får denne tilsend per post med betalingsfrist 8. mars. Dette vil i år bli gjennomført av Aksell.
Medlemsavdelinga på Youngstorget vil sende ut purring på e-post to gonger – første gong rundt 16. mars – deretter etter 14 dagar.
Alle som har betalt i 2025, har gyldig kontingent fram til 15. mars 2026. Frå 2026 vil kontingenten vere gyldig fram til 8. mars 2027.
Du kan betale medlemskontingenten ved å nytte kontonummer 7874.06.27677 eller Vipps 450045. Det er viktig at du legg inn medlemsnummeret ditt eller mobilnummeret ditt i meldingsfeltet.