Ikkje riv Fjellheim!

Os kommunestyre har har gjort eit vedtak som inneber at Fjellheim skal rivast. Men eit vedtak kan gjerast omatt.

original_1478643322_410667

Kommunevalet 2015 er kanskje den siste sjansen vi har til å hindra den kulturvandalismen det vil vera å riva dette fine bygget. Fjellheim har stor arkitektonisk, historisk og kulturell verdi for Os.

Fjellheim er eit monument over det frivilligge idretts- og ungdomsarbeidet i Os. Både av historiske grunnar og slik Fjellheim ligg til i terrenget, er Fjellheim viktig for Os-identiteten. Vi har ikkje så mange bygg som gjev Os ein identitet. Vi har kyrkja, prestegarden, det gamle kommunehuset, lensmannsbustaden i Finnebrekka, administrasjonsbygget til Osbanen med toghallen, og Fjellheim.

Eg føler meg overtydd om at at Osbygda vil ha bruk for, og god nytte av Fjellheim i framtida i tillegg til det fine kulturhuset Oseana. Den store folkeauken som er venta i Os, er også eit sterkt argument for å ta vare på Fjellheim.

Organisasjonen Bevar Fjellheim har samla inn over 4000 underskrifter til støtte for å bevara Fjellheim. Også Hordaland fylkeskommune har bede om at det vert teke omsyn til Fjellheim som kulturminneverdi. Dette bør alle osingar lytta til.

Os Arbeidarparti vil arbeida for at Fjellheim ikkje blir rive, slik at bygget også i framtida kan bli til nytte og glede for Osbygda!

Olav Søfteland

Listekandidat for Os Arbeidarparti