Etterlyser open dialog om Lyseparken!
Tone Hepsøe (Ap) etterlyser ein open dialog om kva Lyseparken skal innehalda.
Allereie i valkampen var Hepsøe ute og roste utviklingsdirektør Fredrik Seliussen for hans store tankar om eit grønt Silicon Valley i Lyseparken.
– Men etter det har det vore veldig stilt. Seliussen tok kontakt, og inviterte til møte og idémyldring, men eg rakk ikkje på det i valkampen. Så vart det stopp. Eg tykkjer det er rart med ein slik invitasjon som då ikkje vert følgt opp. Etterpå opplever eg at han verken svarer på mail eller anna vis, seier Hepsøe.
– Eg skulle ønske det var ein meir open dialog om kva Lyseparken skal romma. No er der ingen dialog. Det hadde vore spennande med ein klar profil på Lyseparken, og vi må ikkje vera redde for å tenkja stort.
– Det er godt kjent at vi må produsera og forbruka grønare i framtida
Grønt konsept
– Som ny representant i kommunestyret oppfattar eg det slik at posisjonen held på sitt, og at det heile er eit veldig lukka system. Dei seier det er mange planar og mange interessentar, men kvifor får vi ikkje høyra meir om dette? Og eg er kritisk til at ein kan visa til teikningar av korleis parken vil bli - utan at ein har valt eit konsept å arbeida etter.
– Vi har alt ein del grøne forskningsmiljø i Bergen. Lyseparken får nye E39 rett utanfor døra, og Bergen berre nokre minuttar unna. Eg er overtydd om at desse miljøa vil kunne trivast i Lyseparken.
– Vi kan forsåvidt samla ei rekkje forskningsmiljø i Lyseparken så lenge dei har fokus på å finna løysingar som betrar klimaet.
Treng alternativ
Hepsøe viser til at olje- og gass industrien er på veg nedover, og at at ei rekkje ingeniørar og fagfolk står utan arbeid.
– Vi må berre sjå dette som ei unik moglegheit heller enn å svartmala. Vestlandet har den gründerånda og trongen til å skapa noko nytt som ein treng. Det aller meste av energi-produksjon skjer her allereie - det er ingen grunn til at ikkje vi skal kunne setja oss i førarsetet når det gjeld alternative og klimavenlege løysingar innan alle fagområder.
– Tenk så flott det kunne vore å samla forsking, fornybar energi-verksemder og andre «grøne» næringar til ei klyngje i Lyseparken. Då vil ein kunne dra synergiar av kvarandre, seier Hepsøe entusiastisk.
Vil vera pådrivar
Hepsøe understrekar at det vil vera viktig å jobba strategisk framover og vera målbevisste.
– Vi må velja ein profil, våga å halda på den, utvikla den og vera tru mot konseptet.
– Det kan kanskje bli vanskeleg når kommunen vert styrt av eit parti som ikkje har teke innover seg miljøkrisa. Eg ventar ikkje at Frp skal vera drivaren for eit miljøvenleg konsept, derfor må vi andre vera det.
– Eg håper posisjonen er modige og tør å plukka opp ballen. Vi veit at Os er ein handlekraftig kommune, som likar å få ting til. Vi har alle føresetnader for å lykkast, seier Hepsøe.
Stort blant unge
– Unge i dag har gjerne eit meir bevisst forhold til klimakrisa enn mange vaksne. Valet av profil er stort og betydningsfullt for ungdomar.
– Fleire eg har snakka med seier at om Lyseparken verkeleg får ein grøn profil og blir eit senter på Vestlandet for forsking og utvikling innan dette området, så er det brått meir aktuelt å flytta heim etter endt utdanning. Vi har høve til å få ei rekkje akademiske arbeidsplassar i vår eiga bygd. Og det har vi nettopp vedteke gjennom den interkommunale næringsplanen at vi skal ha. Vi skal ha lite arealkrevjande arbeidsplasser i Os, og vi treng dei med prognosane for folketalsutvikling her.
– Eg tykkjer ungdomane og ungdomspolitikarane burde bli trekt med i arbeidet med å finna profil for parken. Dei burde fått plass i styret, og det same burde fleire representantar frå forskning og næringsliv.
Is i magen
Hepsøe meiner at når profilen er setla må kommunen klara å ha is i magen.
– Ein må ikkje byrja utan ein god plan, og eit klart mål. Vi må ikkje starta å selja ut areal i Lyseparken stykkevis og delt for å finansiera andre ting i kommunen. Det blir mykje arbeid og vi må halda tunga beint i munnen, men vi må velja eit konsept og vera tru mot det. Det høyrest lett ut, men eg tenkjer at det er ein vanskelegare øvelse enn folk flest trur. Og måla, konseptet og planen må vera breidt politisk forankra, slik at vi kan stå samla når det buttar imot.
– Endelausmarka er eit flott område. Det tykkjer eg vi skal bruka med respekt, og få noko att for, avsluttar Hepsøe.