RAUD KAFÉ
Arrangement
2. mai, kl. 12:00 – 14:00, Cafe Glede - Thon Senter Os
Eit ope rom for gode samtalar 🌹
Velkomen til raud kafé med Bjørnafjorden Arbeidarparti!
Vi inviterer til eit ope og uformelt treff der vi samlast over ein kopp kaffe for å snakke om det som betyr noko for oss i Bjørnafjorden.
Dette er ikkje eit formelt møte – men ein sosial og lågterskel møteplass der du kan komme innom akkurat slik du er.
Alle er velkomne – enten du er medlem, nysgjerrig, eller berre vil ta ein prat om lokalpolitikk i hyggjelege rammer.
Håpar vi ser deg!