RAUD KAFÉ

Arrangement

6. jun, kl. 12:00 – 14:00, Cafe Glede - Thon Senter Os

Eit ope rom for gode samtalar 🌹

Denne gongen blir Raud kafé leidd av kvinnekontakten vår, June Morfjord. 

Så dette er eit godt høve til å slå av ein prat om kvinnepolitiske saker.

Velkomen til raud kafé med Bjørnafjorden Arbeidarparti!

Vi inviterer til eit ope og uformelt treff der vi samlast over ein kopp kaffe for å snakke om det som betyr noko for oss i Bjørnafjorden.

Dette er ikkje eit formelt møte – men ein sosial og lågterskel møteplass der du kan komme innom akkurat slik du er.

Alle er velkomne – enten du er medlem, nysgjerrig, eller berre vil ta ein prat om lokalpolitikk i hyggjelege rammer.

Håpar vi ser deg!

 

k