Medlemsmøte om Budsjett
Arrangement
10. nov, kl. 18:00 – 21:00, Kommunestyresalen på rådhuset 4.etg.
Velkommen til medlemsmøte!
Gode medlem i Bjørnafjorden Arbeidarparti,
Kommunedirektør Arild McClellan Steine presenterte i kommunestyret torsdag 30. oktober sitt framlegg til budsjett for 2026, og økonomiplan for 2027-2029. På medlemsmøte vil kommunedirektøren ha innlegg om sitt budjettframlegg og svare på spørsmål frå medlemmane.
Her kan du lese heile budsjettet
Vi vil også i dette møte ha ein debatt om eigedomsskatt med medlemmane våre, slik at vi i det videre arbeidet vårt veit kva retning våre medlemmar ynskjer.
Dette står i programmet vårt om eigedomsskatt
Velkommen til politisk debatt og ein sosial kveld med kaffi og noko godt å bite i.
Helsing Bjørnafjorden Arbeidarparti 🌹