Medlemsmøte - kommuneplanens arealdel (KPA)

Arrangement

1. okt, kl. 18:00 – 21:00, Kommunestyresalen på Rådhuset på Osøyro

Bjørnafjorden Arbeidarparti

jh

Kva skjer, og når skjer det?

Det vert medlemsmøte i Bjørnafjorden Arbeidarparti onsdag 1. oktober klokka 18:00 til 21:00 i kommunestyresalen på Rådhuset på Osøyro.

Tema er kommuneplanens arealdel (KPA). Møtet vert lagt opp som ein workshop.

Kommuneplanens arealdel skal visa hovudtrekka i korleis arealet i kommunen skal disponerast dei neste åra. Til dømes kvar det skal vera bustader, næringsområder, skular, barnehagar, friluftsområder, landbruksområder og så vidare. Samstundes skal den setja rammer og betingelsar for korleis dette skal gjennomførast, og kva viktige hensyn som skal ivaretakast.

Dette er eit stort og viktig arbeid, og det er viktig for oss at medlemmane våre kjem med sine innspel og synspunkt til det vidare arbeidet med KPA.

For dei som vil setja seg nærare inn i kva som inngår i KPA, viser vi til Plan- og bygningslovas §11-5 her: https://lovdata.no/lov/2008-06-27-71/§11-5, og Regjeringa sin rettleiar til kommuneplanens arealdel her: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/kommuneplanens-arealdel/id2904677/

Vel møtt!

Beste helsing

Henriette Madel Mori Lien, leiar